NLA søkjer «Snap-reporterar»

NLA Høgskolen ønskjer å tilsetje studentar som reporterar på foto- og videodelingstjenesten Snapchat for å skape innhald til skulen sin kanal.

Kommunikasjonsrådgivar ved den delvis indremisjonseigde NLA Høgskolen, Siril Reyes Aartun – som har hovudansvar for NLA sine sosiale medium –  trur studentreporterar kan skape engasjement på skulen sin Snapchat-kanal (sjå faktaboks).

– Bakgrunnen for at vi søkjer Snapchat-reporterar er at vi ønskjer å skape verdifullt og underhaldande innhald på ein kanal som dei fleste i primærmålgruppa vår bruker, seier ho.

I ein Snap-video der den som snakkar har animerte kaninøyrar, snute, store auge og pipestemme, blir NLA-studentar oppfordra til å søkje på stillinga som Snap-reporter.

– Snapchat er ein kanal der det er rom for uhøgtideleg innhald som blir laga «i augeblinken», og det krev ei litt anna tilnærming enn for eksempel Facebook. Vi tenkjer at studentane sjølv er dei beste til å vite kva som fengjer dei, og derfor ønskjer vi å engasjere ein til to Snap-reporterar på kvar studiestad, seier Aartun.

Tett samarbeid

 Oppgåvene til Snap-reporteren vil blant anna vere å dokumentere arrangement som skjer på NLA sine ulike studiestader, vise fram studentlivet på ein morosam måte og lage «Snap-seriar» om forskjellige studentrelevante tema.

– Snap-reporterane vil i stor grad ha fridom til å utforme innhaldet, men kommunikasjonsavdelinga vil samarbeide tett med dei. Dei som får jobben. må vere kreative og ikkje vere redde for å by på seg sjølv. Han eller ho må vere ein god historieforteljar, omgjengeleg og sjølvsagd student på NLA Høgskolen, seier Aartun.

Kommunikasjonsrådgivaren fortel at ho fekk ideen å tilsetje snap-reporterar etter å ha vore på Social Media Days 2017, der blant andre Geir Ove Pedersen, alias Geeohsnap, inspirerte med den kreative måten sin å bruke Snapchat på.

– Vi vonar effekten av dette vil vere at studentane og dei potensielle studentane våre vil la seg underhalde og få eit morosamt innblikk i livet på NLA.

Morosame søknader

Aartun kan fortelje at dei alt har fått inn ein del morosame søknader. Nokon har valt å søkje ved å vise fram sin «Snap-personlegdom» gjennom å dokumentere dagen sin på Snapchat-storyen.

– I Oslo har vi snart tilsett ei jente som vi er sikre på vil gjere det veldig bra. Vi reknar med å få inn fleire gode søknader til stillingane i Bergen og Kristiansand i løpet av kort tid, seier ho.

I februar fortalte NRK om ei helsesøster i Oslo som har fått betre kontakt med ungdom, særleg gutar, ved å bruke Snapchat.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.